Tilkomst
Feilparkerte bilar, bommar og andre hindringar er ofte eit hinder når utrykkingskøyretøy skal fram på akutte hendingar. Dårleg framkommelegheit kan i verste fall koste liv.
Følgjande skal leggast til grunn ved prosjektering i Ørsta kommune.
Feilparkerte bilar, bommar og andre hindringar er ofte eit hinder når utrykkingskøyretøy skal fram på akutte hendingar.
Ørsta brann og redning
Generelt
- Parkering på/framfor tilkomstvegar/innsatsvegar er ikkje tillat. Dette skal merkast tydeleg.
- Tersklar som fortauskantar skal ikkje overstige 15 cm.
- Oppstillingsplass må tole belastning av køyretøya og punktlaster frå stigebilen
*Av hensyn til eventuell snøv bør større høgde vurderast.
**Innanfor vanleg vegtype Bk10.
***Innanfor vanleg vegtype Bk8.
****Køyreveg skal utformast og dokumenterast med sporingskurve for lastebil (L) iht. Statens vegvesens handbok N100, sjå vedlegg: Sporingskurver.
Tilkomst for stigebil, det vil sei kor nær bygget og til kor mange fasadar, vil avhengige av bygninga sin størrelse og bruk, minst 3, meter frå fasaden eller utstikkande element. Tilkomst bør derfor avklarast med brannvesenet tidlegast muleg i prosjekteringsfasen. Stigebilen vår på 30 meter vert dimensjonerande vedrørande rekkevidde.
Thomas Winther Leira
Nøkkelsafe
Bygningar eller områder med bygningar som har direktevarsling til 110-sentralen skal ha nøkkelsafe. Nøklar skal plasserast i anbefalt nøkkelsafe som er koda til brannvesenet sin safenøkkel.
Nøkkelsafe plasserast ved brannvesenet sin hovudangrepsveg, lett synleg 0,5 - 2 meter over bakken. Endeleg plassering skal aksepterast av brannvesenet.
Brannvesenet konttaktast ved programmering av safe og plassering av hovednøkkel. Ved endring av låsesystem må eigar/driftspersonell påsjå at brannvesenet kontaktast slik at nye nøklar/kort leggast i nøkkelsafe. Dersom det ligg fleire nøklar enn hovudnøkkelen i nøkkelsafen må desse merkast tydeleg. Kode til eventuell innbrotsalarm bør også leggast i safen.
Orienteringsplanar
Thomas Winther Leira
Bygningar eller områder med bygningar som har direktevarsling til 110-sentralen skal ha laminerte orienteringsplanar i eigna behaldar montert i hovudangrepsveg ved branntavle.
På orienteringsplanane skal det gå fram alle brannskille, angrepsvegar(dører inn), branntekniske installasjonar som sprinklersentral, røykluke o.l., i tillegg til meldernummer i alle rom som stemmer med det som kjem på brannsentralen for rask lokalisering av utløyst meldar/brannen.
Ber om at kopi av orienteringsplanar vert sendt til brann@orsta.kommune.no for innlegging i kartsystemet vårt.
Bomveg
Er det bom over tilkomstvegen er det viktig at du får avklart korleis ein løyser dette. Du skal derfor ta kontakt med brannvesenet for å avklare korleis ein løyser dette ved ein akutt situasjon. Det kan vere enkle løysingar som nøkkelboks, telefonstyring eller andre løysingar.
For telefonisk styrte bommar skal desse registrerast med naudsentralen på www.110-sentralen.no/skjema. Ved å gjere dette vert bommane tilgjengelege både for brannvesenet og ambulansen direkte i deira køyretøy.
Vassforsyning utandørs
Slokkevassforsyning kan vere komplisert. For å ivareta dei mest generelle funksjonskrava i TEK17 har vi utdjupa nokre av forskriftskrava.
- Brannkum/brannhydrant skal plasserast innanfor 25-50 meter frå hovudangrepsveg (hovudinngang). Slangeutlegg frå vassuttak til bil og frå bil til angrepsveg målast i brøyta veg.
- Nok brannkummar/brannhydrantar til å dekkje alle delar av byggverket. Maks 100 meter slangeutlegg. 50 meter frå kum/hydrant til brannbil og 50 meter frå inngangsdør/port inn til brannen.
- Om slokkevassuttaket er nærare enn 25 meter frå bygget må det vurderast om uttaket er tilstrekkeleg beskytta mot strålevarme og potensielt nedfall frå fasade eller tak.
- Brannkum/brannhydrant må plasserast godt synleg frå angrepsveg og slik at det er lett tilgjengeleg, også på vinterstid.
- Brannkum må merkast tydleg med kumskilt på stolpe eller fasade i umiddelbar nærleik til kummen.På skiltet skal avstand og retning framgå.
- Brannkum må plasserast på areal som ryddast for snøv vinterstid og som ikkje er biloppstillingsplassar eller liknande.
- Brannkumventil må plasserast slik at den er mulig å betene med brannvesenets materiell. Det betyr at uttaket i kum må plasserast slik at ein får kopla på stender utan at ein kjem i konflikt med kummen og samtidig får tilgang ned i kummen ved behov.
Ørsta brann og redning
Slokevassuttak på private vassleidningar
Vassleidningsnettet til private er det ikkje kommunen som prosjekterar. Utføring, merking, vedlikehald og brøyting kan derfor variere. Dei helder kjem ikkje alltid fram av kommunen sine kart. Sløkkevassuttak tilknytt private vassleidningar bør derfor utførast som brannhydrantar.
Sløkkevassuttak med avgrense vassmengd
Sløkkevassuttak med avgrensa vassmengd, for eksempel uttak koplet til vassbasseng, tank el. skal merkast tydelig med tilgjengelige vassmengde og trykk.
Solcelle anlegg
På bygg med solcelleanlegg eller solfangaranlegg skal det finnast informasjon om anlegget. Dette gir brann- og redningsvesenet moglegheit til å vurdere risiko ved aksjonar knytt til bygget.
Det visast til gjeldande regelverk og brannrettleiaren for solenergianlegg: https://drbv.no/wp-content/uploads/2020/04/Brannveilleder-solenergi.pdf
Vi anbefalar at rettleiaren følgast vedrørande viktig informasjon til brann- og redningsvesenet:
- Plassering av naudstopp.
- Straumførande kablar etter utkopling.
- Plassering av batterilager.
- Oppbygging av underliggjande konstruksjon (inkl. type isolasjonsmateriale og moglegheit for holtaking)
- Demontering - type verktøy og størrelse/dimensjon.
- Beskriving av plassering av solcellepanel/solfangarar.
- Kontaktpersonar - Eigar, driftsansvarleg, produsent/leverandør.
- Generell info - størrelse på anlegget, type anlegg, med meir.
- Teikningar/bilder som viser sikre soner, installasjonen og punkt for betjening.
Informasjonen bør samanstillast i ein orienteringsplan og skal plasserast saman med brannsentralen
Generelt
Prosjekterande for prosjektet må sjå til at løysinga som vert velt vert den beste for det konkrete anlegget. Punkta over er meint som betraktningar frå brannvesenet si side som brukar av desse funksjonskrava og gir konkrete kriterie basert på Ørsta brann og redning sitt faktiske utstyr. Sjå teknisk forskirft § 11-17 Tilrettelegging for rednings- og slokkemannskap.