Flytebrygge Skal du legge ut flytebrygge må du søkje kommunen om løyve. Dette treng du som vedlegg til søknaden: Nabovarsel, jf. blankett 5154, 5155 og 5156 Slik varslar du naboen din Situasjonskart som visar korleis du har tenkt å plassere flytebrygga med tilhøyrande landfeste Målsett teikning/skisse av flytebrygga Skildring/bilete som seier korleis material flytebrygge vil ha Søkje sjølv Der det ikkje er regulert for utlegging av flytebrygger må det søkjast om dispensasjon. Søknad om dispensasjon skal sendast saman med søknad om løyve til sjølve tiltaket og nabovarsel.