Du kan søkje sjølv om:
- Garasjen er inntil 1 etg. med ev. tilsvarande kjellar
- Den har mindre enn 70 m2 i samla bruksareal eller bebygd areal
- Den ikkje skal nyttast til varig opphald
Søkje sjølv
Du må søkje med hjelp frå fagfolk om:
- Samla bruksareal er over 70 m2
- Garasjen har meir enn 1 etg (garasjen kan ha kjellar)
- Bygninga skal nyttast til varig opphald
Søkje med hjelp av fagfolk
Avstandskrav
Det er viktig å merke seg:
- Er tomta i regulert område er det viktig å sjekke føresegner i gjeldande reguleringsplan. Dette kan vere byggeliner eller bestemte reglar for plassering av garasje
- Utanfor regulert område gjeld veglova § 29 med fylgjande avstandskrav:
15 meter frå kommunal veg
50 meter frå fylkesveg - Plassering av tilbygget nærmare enn avstadskrava krev grunngitt søknad om dispensasjon, som skal leggast ved søknad om løyve til tiltak.
Ny eller utvida avkjørsle
Dersom oppføring av garasje fører til endra bruk eller ny etablering av avkjørsle til kommunal veg, må dette søkjast om. Dersom det gjeld avkøyrsle til Fylkesveg, skal det søkjast Statens Vegvesen om løyve til etablering av slik.
Avstandskrav til nabo og bygg
Hovudregel er 4,0 m frå nabogrense og minimum 8,0 meter frå frittliggande byggverk
, jf.
Plan- og bygningslova § 29-4. For byggverk under 50 m2 kan førast opp minimum 1,0 meter frå nabogrense. Dersom ein vil plassere bygningar større enn 50 m2 nærare nabogrense enn 4 meter, skal det innhentast fråsegn frå nabo og gjennomføre brannsikring av bygningen etter gjeldande forskrifter.