Når eit tiltak er friteke frå søknadsplikta, betyr det at tiltaket er friteke reglane om sakshandsaming i plan- og bygningsloven.
Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt
For tilbygg inntil 15 m2 og frittliggande byggverk mellom 15 - og 50 m2 skal det innsendast melding om tiltaket når tiltaket er ferdigstilt saman med eit kartutsnitt i målestokk (1:500) på reguleringskart (der det er tilgjengeleg) som syner tiltaket si plassering.
Kommune- og reguleringsplan
Sjølv om tiltaket er friteke frå reglane om sakshandsaming (du treng ikkje søke kommunen om løyve) gjeld framleis reglane i kommuneplanen, og reguleringsplanen for din eigedom. For meir informasjon om kva plan som er gjeldande for din eigedom sjå planinnsyn på
Ørstakart.no.
Det vil seie at dersom ein arealplan fortel deg at det ikkje skal vere leveggar i eit område, er oppsetting av levegg søknadspliktig. Sjølv om tiltaket er friteke reglane om sakshandsaming, må tiltaka framleis tilfredsstille plan- og bygningslova sine materielle krav. Det vil seie at tiltaket må liggje minimum 1,0 meter frå nabogrensa for frittliggjande bygning inntil 50 m2 og minimum 4,0 meter frå nabogrensa for tilbygg, samt ikkje plasserast til hinder for sikt langs vegen.
Det er likevel høve til å søkje om tiltak som ikkje er søknadspliktige. Det er også høve til å sende inn søknad om løyve til tiltak med bruk av ansvarlege føretak (byggefirma) i dei tilfella lova ikkje krev dette. Ein må då vere klar over at ansvarlege føretak må stå for heile tiltaket som skal utførast.
Nabovarsel
Då tiltaket ikkje er søknadspliktig er det heller ikkje krav om nabovarsling. Kommunen oppmodar likevel om at ein tek ein prat med naboen.