Du kan søkje sjølv om:
- Naustet er inntil 1 etg. med ev. tilsvarande kjellar
- Den har mindre enn 70m2 i samla bruksareal eller bebygd areal
- Den ikkje skal nyttast til varig opphald
Søkje sjølv
Du må søkje med hjelp frå fagfolk om:
- Samla bruksareal er over 70m2
- Naustet har meir enn 1 etg
- Bygning skal nyttast til varig opphald
Søkje med hjelp av fagfolk
Avstandskrav
Det er viktig å merke seg:
- Er tomta i regulert område er det viktig å sjekke føresegner i gjeldande reguleringsplan. Dette kan vere byggelinjer eller bestemte reglar for plassering av naust
- Utanfor regulert område gjeld veglova § 29 med fylgjande avstandskrav:
15 meter frå kommunal veg
50 meter frå fylkesveg - Plassering av tilbygget nærmare enn avstadskrava krev grunngitt søknad om dispensasjon, som skal leggast ved søknad om løyve til tiltak.
Ny eller utvida avkjørsle
Dersom oppføring av naust fører til endra bruk eller ny etablering av avkjørsle til kommunal veg, må dette søkjast om. Dersom det gjeld avkøyrsle til Fylkesveg, skal det søkjast Statens Vegvesen om løyve til etablering av slik.
Avstandskrav til nabo og bygg
Hovudregel er 4 m frå nabogrense og minimum 8 meter frå frittliggande byggverk , jf.
Plan- og bygningslova § 29-4. For byggverk under 50 m2 kan førast opp minimum 1,0 meter frå nabogrense. Dersom ein vil plassere bygningar større enn 50 m2 nærare nabogrense enn 4 meter, skal det innhentast fråsegn frå nabo og gjennomføre brannsikring av bygningen etter gjeldande forskrifter.