Søkje med hjelp av fagfolk
Søknad med hjelp av fagfolk betyr at søknad, prosjektering, utføring og kontroll av planlagt byggjetiltak skal gjerast av føretak som har ansvarsrett.
I praksis betyr dette at du som tiltakshavar ikkje sjølv fyller ut søknaden - alt skal gjerast av fagfolka du engasjerer.
Lurer du på kven som har naudsynt sentral godkjenning i kommunen så finn du dette på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet.
Du kan sjølv søkje om personleg ansvarsrett for oppføring av eigen bustad eller fritidsbustad. Vilkåret er at du fyller naudsynte kvalifikasjonskrav i byggesakforskrifta. Søknad leverast i eige skjema med naudsynt dokumentasjon - Personleg ansvarsrett.
Gebyrregulativet for byggjesaker