Søkje sjølv

Det kan vere lurt å sette seg inn i kva reglar som gjeld for din eigedom før du søkjer.

Som hovudregel skal ein alltid sjekke planen som er gjeldande for eigedomen. Ofte vil dette vere ein reguleringsplan. Men det kan være andre planer, som bebyggelseplan eller kommunedelplanar som overstyrer reguleringsbestemmelsane for eigedomen din. Informasjon om planstatus for din eigedom finn du i Ørstakart.

Er tiltaket i strid med gjeldande planar, avstand til kommuneveg (15 meter) og fylkesveg (50 meter) ikkje er etter avstandskrava i veglova, m.m eller om ein ønskje ei plassering i vernesone langs sjøen (100 meter) og langs vassdrag (50 meter) gitt av kommunedelplan og Plan- og bygningslova § 1-8, krev tiltaket grunngitt søknad om dispensasjon etter plan- og bygningslova § 19.

Usikker på om du treng å søke?
Finn det ut ved å prøve veivisarane "Bygg utan å søke" på dibk.no: 

Terrasser, veranda og tilbygg

Garasje, bod eller annen bygning

 


Dette treng du som vedlegg til søknaden:

I Sunnmørskart eTorg kan du kjøpe kart, eigedomsdata og byggesakstenester. Her finn du digitale kart, meglarpakke, 3D-modellar, nabovarsling, eigedomsinformasjon og mykje meir. Kart kan du også skrive ut på Ørstakart.

Skjema som skal nyttast er tiltak utan ansvarsrett. Dersom søknaden også gjeld ein dispensasjon skal søknad om dispensasjon leggjast til som vedlegg.

Når arbeidet er ferdig skal du søkje om ferdigattest.

Gebyrregulativet for byggjesaker

Søknadskjemaer