Sakshandsaming, dokumentinnsyn og rettleiing
Den innstansen som har gjort vedtaket det vert klaga på, skal også handsame klagen.
Dersom vedtaket ikkje vert endra blir klagen sendt vidare til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for endeleg avgjerd.
Med visse avgrensingar har du rett til å sjå dokumenta i saka. Reglane om dette er forklart i forvaltningslova §§ 18 og 19. Du må i tilfelle ta kontakt med oss.
Vi kan også gje deg nærare rettleiing om retten til å klage, om framgangsmåten og om reglane for sakshandsaming.