Torgplassar

Ørsta kommune har eigne torgplassar i Webjørn Svendsen gate ned mot sjøen. Dette er Ørsta Torg og Havtor Hovdens plass. Straumuttak er der på kunsthuset for Havtor Hovdens plass og på pumpehuset for Ørsta torg.

Ein må tinge plass, det gjere ein med å melder i frå på e-post til næringskontoret post@orsta-nk.no på førehand. Det kan vere fleire som ynskjer plass same dag, då er det fyrst til mølla prinsippet som gjeld. Lån av plass er gratis, Ørsta kommune føreset at dei som driv verksemder som treng offentleg løyve har dette i orden. Det er også muleg å få tildelt enkeltplassar i gågata etter avtale. Dersom strumtilkobling skal nyttast må det avtalast.

Vi gjer merksam på at Ørsta Torg er mest nytta til parkering. Leigetakar bør difor møte opp tidleg den dagen han skal nytte plassen. Kommunen tek ikkje ansvar for å fjerne bilar som er parkerte på å torgplassen.

Har du spørsmål ang. torgplassar kontakt Ørsta næringskontor tlf. 70 06 80 85 eller e-post post@orsta-nk.no

 

Det er muleg å få tildelt enkeltplassar i gågata etter avtale. Ingvild Marie Taraldset

Kontakt

Ørsta Næringskontor Sigrun Heltne Vartdal - dagleg leiar
70068085
@ Ørsta Næringskontor