Kommunen er ansvarleg for at alle som er knytt til kommunale avløpsleidningar, får leida bort sitt avløpsvatn og reinsa dette i samsvar med til statlige krav og lokale mål.
Vatn- og avløpsgebyr
Plikt som abonnent
- Kjenne til rettar og plikter fastsett i avtalevilkåra: "Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp".
- Etterkomme krav om omlegging på private stikkleidningar i samband med omlegging av hovudleidningsnett til kommunen.
- Utbetre feil og manglar ved egne stikkleidningar og gjennomføre naudsynte tiltak på eige avløpsnett.
- Ikkje kaste miljøfarlig avfall, fett og/eller andre gjenstandar i toalett eller avløp som vil skape problem på reinseanlegg og hindre miljøvennlig bruk av slam.
Lenker: dovett.no og fettvett.no
Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp kan bestillast frå Kommuneforlaget, tlf 24132850
Utslepp av olje, feitt eller anna forureining
For verksemder med utslipp av olje, fett eller anna forureining er det krav om etablering av olje og fettutskiljar samt krav om løyve for påslepp til kommunal leidning.