Kommunal vegTeknisk drift har ansvar for drift og vedlikehald av til saman cirka 170 kilometer med kommunal veg. Graveløyve For graving i kommunal veg skal det søkjast løyve hjå kommunen. Om du skal grave på eigedomen din eller på andre sitt areal må du skaffe deg oversikt over kva leidningar som ligg i grunnen. Dette gjeld mellom anna vassleidningar, kloakkleidningar, straum og teleleidningar. Ta kontakt med dei verksemder som har leidningar i bakken. Søknadskjema om graveløyve langs kommunal veg (husk vedlegg) Gatelys For å spare kostnader prøver vi å få skifte lyspærer i fleire armatur kvar gong dette skal gjerast i eit område. Det kan føre til at einskilde lyspunkt kan bli ståande utan lys over lengre tid. Registrer feil på gatelys her Trafikksikring Målet for alt arbeid med trafikksikring i Noreg er nullvisjonen - ein visjon om at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller livsvarig skadde i trafikken. Trafikantane og myndigheitene har eit delt ansvar for trygg trafikk. Trafikktryggingsplan 2017-2021 Klipp hekken Det er du som bur langs vegen som er ansvarleg for å halde nede hekk og busker på din eigedom slik at det er god sikt ved vegkryss og ved tilkomst. Mange må også krysse gang- og sykkelveg for å kjøre ut på bilvegen. Da er det spesielt viktig at hekkar, trær eller gjerde ikkje hindrar sikta, slik at du oppdagar andre trafikantar i tide til å stoppe. Klipp hekken: Rettleiar Statens vegvesen Klipp hekken: Faldar Ørsta kommune Kva er kommunal veg og kva er fylkesveg? Lurer du på om kven som har ansvaret for vegen; kommunen eller fylket? Sjå oversiktskart over vegar. Publisert 26.02.2015 19:14