Teknisk drift er ansvarleg for drift og vedlikehald av fire vassbehandlingsanlegg; Vikegeila i Ørsta, Sæbø, Barstadvik og Dalelina på Vartdal. Målet er nok vatn, godt vatn og trygt vatn.
Vatn- og avløpsgebyr
Dårleg trykk eller kvalitet
Dersom vasstrykket er unormalt eller vasskvaliteten (brunt vant, lukt eller liknande), skal dette meldast til eining Kommunalteknikk eller til teknisk vakt utanom arbeidstid.
Varsling og vassavstening
Ørsta kommune har teke i bruk telefonvarsling til innbyggarane og vil melde anten via talebeskjed eller sms om planlagt vedlikehold av leidningsnettet, uventa stopp i forsyning eller ved anbefaling om koking av vatn. Også i andre situasjonar kan det være aktuelt å nytte systemet for å nå ut til innbyggarane med viktig informasjon.
Vassmålar
Om du er tilkopla kommunalt vass- og avløpsnett kan du som privat abonnent velje om du vil betale etter berekna forbruk eller etter målt forbruk. For næringseigedomar og ein del større offentlege bygningar skal det vere installert vassmålar.
Kommunen eig og held målaren vedlike , då med unntak for abonnentar med særleg høgt vassforbruk.
Abonnent er ansvarleg for å betale for installering av vassmålar, lese av vassmålar årleg og gi melding til kommunen om målarstanden. Installasjon må gjerast av godkjent røyrleggjar og etter tilvising frå kommunen.
Ofte stilte spørsmål om vatn og avløp