Du bur i ein Av-og-til-kommune!

Første gong Ørsta kommune inngjekk samarbeidsavtale med alkovettorganisasjonen Av-og-til var i 2017. 15. juni 2023 vedtok kommunestyret å fornye samarbeidsavtalen. Av-og-til nyttar ein førebyggingsmetode som vi i kommunen tilpassar etter våre behov, ønske og idear.  

Saman jobbar vi for godt alkovett i situasjonar der alkohol utgjer ein risiko, eller der alkohol kan vere til ulempe for oss sjølve og andre. Alkovett handlar om å ha eit reflektert forhold til alkoholvanar, og om å tenkje over om ein skal drikke, og kor mykje ein skal drikke i ulike situasjonar. Samarbeidet med Av-og-til skal bidra til å redusere dei negative følgjene av alkoholbruk i samfunnet og å gjere kvardagen tryggare for alle. 

Alkoholbruk kostar samfunnet opp mot 100 milliardar kroner i året gjennom tapt helse og livskvalitet, sjukefråvær og kostnader til helse- og velferdstenester. Av-og-til blei etablert på Stortinget i 1981 under namnet AlkoKutt og har heile tida vore ein brei og samlande aktør på førebyggingsfeltet på tvers av både politiske og andre skiljelinjer. Bak Av-og-til står breidda av det frivillige Noreg, mellom anna frivillige organisasjonar, politiske parti og organisasjonar innanfor rus- og førebyggingsfeltet. Les meir på avogtil.no.

 

Samvær med barn og unge

Vi ønskjer at vaksne i kommunen skal ha alkovett rundt barn. Barn og unge fortener gode oppvekstvilkår med trygge, nærverande vaksne. Ein trygg barndom inneber at dei vaksne har alkovett. Det vil seie at dei vaksne, spesielt føresette og besteforeldre, drikk null, eitt eller maks to glas alkohol når dei er saman med barn og unge, og at dei er klar over dei negative konsekvensane alkoholbruken deira kan ha for barn og unge.  

Les meir på avogtil.no/barn

Ungdom

Vi ønskjer at ungdommane våre skal ha ei trygg og god ungdomstid, og at deira føresette skal vere både kjipe og kjærlege. Føresette er nemleg dei aller viktigaste førebyggjarane. Vi jobbar for å utsetje alkoholdebuten til ungdom, for at føresette skal setje tydelege grenser for ungdom når det gjeld bruk av alkohol og andre rusmiddel, og for at russetida skal gjennomførast i kontrollerte former utan vald, overgrep, ulykker og andre problem knytte til rusbruk.

Les meir på avogtil.no/ungdom

Idrett

Vi ønskjer at barneidretten skal vere ein trygg stad. Barn og unge har rett på eit trygt idrettsmiljø og eit støtteapparat som fangar dei opp dersom dei treng det. Det inneber at alle idrettsarrangement for barn er alkoholfrie, at idrettsklubbar i Noreg har retningslinjer for alkoholbruk som dei nyttar aktivt, og at støtteapparatet i idretten veit kva dei skal gjere dersom dei er bekymra for eit barn.  

Les meir på avogtil.no/idrett

Helse

Godt alkovett bidreg til god fysisk og psykisk helse. Vi ønskjer at befolkninga skal ha eit trygt drikkemønster, og at dei skal vite om dei negative konsekvensane alkoholbruk kan ha på den fysiske og psykiske helsa vår både på kort og lang sikt. Generelt sett bør folk drikke både mindre og sjeldnare. Alkovett bør vere ein personleg strategi for alkoholbruk blant befolkninga – det vil bidra til betre helse.  

Les meir på avogtil.no/helse

Båtliv

Mange nordmenn bruker store delar av ferien og fritida i båt. Vi ønskjer å bevisstgjere båtførarar om godt alkovett, for det skal vere trygt for både barn og vaksne å ferdast på sjøen og nyte båtlivet. Alkohol er ein medverkande faktor til mange båtulykker og drukningsulykker. Vi jobbar for at det skal bli færre alkoholrelaterte ulykker på sjøen, og for at befolkninga skal få kunnskap om kva konsekvensar alkoholbruk kan ha for sikkerheita ved og på sjøen.  

Les meir på avogtil.no/båt

 

Kontakt oss gjerne! 

Vil du vere med og støtte opp om lokal alkoholførebygging? Alkoholførebygging er viktig både i trafikken, på sjøen, på sosiale møteplassar, i idrettsklubben, på arbeidsplassen og på arenaer der barn og unge ferdast. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer å få vite meir om arbeidet vårt. 

Av-og-til-koordinator i vår kommune  
Ingvild Endal 
Folkehelsekoordinator 
ingvild.endal@orsta.kommune.no  
91 76 53 89 

 

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal