Ergoterapi Kontorlokale: Ørsta velferdshus, Dalevegen 24, 6153 ØrstaPostadresse: Dalevegen 6, 6153 Ørsta Ergoterapeuten.. har i sitt arbeid fokus på aktivitet og deltaking for alle. hjelper menneske til å fungere best mogleg i kvardagen, trass vanskar med å utføre daglege gjeremål grunna sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetting.Ergoterapi kan mellom anna vere: Førebyggande tiltak Tverrfagleg habilitering og rehabilitering Rettleiing, informasjon og undervisning Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjon Kartlegge funksjonar og tilpasse aktivitetar/arbeidsvaner Legge til rette fysiske omgjevnader i heim, skule, barnehage og på arbeidsplass Trening av daglege gjeremål Delta aktivt i ansvarsgrupper i tverrfagleg team - koordinator for individuelle planar Gje uttale om trygdefinanserte tiltak og utbetringstilskot til bustad Universell utforming Målgruppe for tenesta Alle i Ørsta kommune, utan omsyn til alder. Menneske med ulike sjukdommar og/eller skadar, helseplagar og funksjonshemmingar. Grupper med auka risiko for helseplagar. Personar med behov for helsefremmande og førebyggjande teneste, habilitering og rehabilitering. Slik får du tenestaDu kan ta kontakt direkte med ergoterapeutane eller be om henvising vidare frå andre tenester.