Kommunalt tilbod
Kontorlokale: Ørsta velferdshus, Dalevegen 24, 6153 Ørsta
Postadresse: Dalevegen 6, 6153 Ørsta
Målet med tenesta er at menneske med sjukdom, skade eller lyte som har eller står i fare for å få nedsett funksjonsevne, skal oppretthalde eller betre denne. Målgruppa er menneske i alle aldrar og livsfasar. Tiltak vert iverksett og utført på den arena som er naturleg og til det beste for den enkelte. (Skular, barnehagar, heimen, institusjonar eller i våre fysioterapilokalar). Pasientar som treng fysioterapi, kan ta direkte kontakt med fysioterapitenesta. I tillegg får tenesta henvisning frå ulike instansar som til dømes lege, sjukehus, helsestasjon eller institusjon. Dersom ein uteblir eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid, må ein betale eigenandel uavhengig av frikort eller ikkje.
Fastlønte fysioterapeutar
Sjå kontaktinformasjon i sidepanelet (under, på mobil) til dei fastlønte fysioterapeutane.
Arbeidsoppgåver til fastløna fysioterapeutar:
Undersøke, observere, vurdere, setje i gang behandlingstiltak og evaluere.
- Behandle individuelt og i grupper.
- Heimebesøk ved behov
- Oppfølging av born i skular og barnehagar
- Fysioterapi til institusjonspasientar, inkludert korttidsavdeling
- Råd og rettleiing.
- Vurdere behov for hjelpemiddel og søke til Hjelpemiddelsentralen i samråd med ergoterapeut.
- Delta aktivt i ansvarsgrupper i tverrfagleg team - koordinator for individuelle planar.
- Samarbeid med spesialisthelsetenesta.
- Opplæring og fagleg undervisning.
- Førebyggjande og helsefremjande tiltak, i nært samarbeid med friskliv og helsestasjon .
Fysioterapeutar med og utan driftsavtale
Målet er at menneske med sjukdom eller skade skal vedlikehalde eller betre fysiske funksjonar. Det private fysioterapitilbodet rettar seg hovudsaklig mot trening av fysiske funksjonar og kurativ behandling. Behandling kan skje i heimen, barnehagar eller skular såvel som på institutt.
Fysioterapeutiske tiltak:
- Undersøke, observere, vurdere, setje igang behandlingstiltak og evaluere.
- Behandle individuelt og i grupper.
Ørsta kommune har 5,4 driftsavtalar fordelt på 7 fysioterapeutar, som har heilt eller delvis tilskot. Dette gir refusjonsrett frå Helfo for fysikalsk behandling.
Kontaktinformasjon avtalefysioterapeutar i Ørsta:
- Geir Arne Årseth v/Fysio1 AS,
Strandgt 4, 6150 Ørsta, tlf. 700 68 100 / 97 17 63 52. www.fysio1.no
- Thomas Silseth v/Fysio 1
Strandgt 4, 6150 Ørsta tlf. 700 68 100 / 98 07 24 39. www.fysio1.no
- Ørsta Fysioterapi v/ Kjetil Solbakken, Kristine Rebbestad, Tone Krumsvik og Kine Ulvestad
Dalevegen 20, 6153 Ørsta, tlf. 700 67 430. www.orstafysioterapi.no
- Ingvil Myklebust Hunnes v/Manuell Terapi og Treningssenter,
Vikegt 5, 6150 Ørsta, tlf. 99 39 27 91 Ope: Måndag–torsdag 08.00–15.30
Fysioterapeut med komplett lymfødemkompetanse og avtale i Ørsta:
- Ingvil Myklebust Hunnes v/Manuell Terapi og Treningssenter,
Vikegt 5, 6150 Ørsta, tlf. 99 39 27 91
Manuellterapeut med avtale i Ørsta:
Manuellterapeutar er ekspertar på muskel- og skjelettsystemet.
Manuellterapeutar undersøkjer, vurderer og behandlar plager i muskel-/skjelettsystemet for å gjenopprette eller betre kroppen sine funksjonar. Dei kan differensialdiagnostisere, det vil seie skilje mellom sjukdomar i muskel- og skjelettapparatet og andre farlige sjukdomar med samme symptom (for eksempel brot, alvorlege bløtvevsskader, kreft eller alvorlege betennelsestilstandar). I undersøkjinga kan manuellterapeuten rekvirere bildediagnostikk (røntgen/MR/CT) og også henvise til spesialist. Som del av behandlinga kan manuellterapeuten henvise til fysioterapi. Du treng ikkje tilvising frå lege for å få trygderefusjon hos manuellterapeut. Manuellterapeut kan også sjukmelde.
Psykomotorikar med avtale i Ørsta:
Kontaktinformasjon til fysioterapeutar utan avtale i Ørsta:
- Thomas Silseth, Frode Fuglehaug og Erik Tønnesen v/Fysio 1 AS,
Strandgt 4, 6150 Ørsta, tlf. 700 68 100. www.fysio1.no
- Tone Krumsvik v/ Ørsta Fysioterapi,
Dalevegen 20, 6150 Ørsta, Tlf. 700 67 430. www.orstafysioterapi.no
- Renate Solibakke Ramslien v/ Klinikk for Alle Ørsta
Webjørn Svendsen-gate 8, 6150 Ørsta, tlf. 979 23 000. www.klinikkforalle.no
- Eirin Volle Eriksen v/Ørsta fysioterapi
Dalevegen 20, 6150 Ørsta, Tlf. 700 67 430. www.orstafysioterapi.no