Legevakt

Legevakttenesta er ein del av helsetenesta i Ørsta kommune. Legevakta sin funksjon er å yte hjelp ved akutt skade eller sjukdom dag, kveld, natt, helg og høgtid.

Søre Sunnmøre legevakt

Søre Sunnmøre legevakt er legevaktsentral for alle sju kommunar på Søre Sunnmøre. Hit kjem du når du ringer det nasjonale legevaktnummeret 116 117 heile døgnet. Operatørane på sentralen er sjukepleiarar eller paramedisinarar som vil gje råd og rettleiing, og sette innringar i kontakt med lege, eller til time på legevakta, når det er naudsynt.

  • Om du har behov for å nytte deg av denne tenesta ring legevakt 116 117.
  • Akutt naudhjelp ring 113.

 

Dagtid  08.00–15.30

Ørsta Helsesenter har ansvar for øyeblikkelig hjelp vekedagar frå kl 08.00–15.30.

Adresse: Dalevegen 28 a, 6153 Ørsta
Tlf: 70 04 80 50

 

Kveld  (15.30–22.00), helg (08.00–22.00) og natt (22.00–08.00)   

Søre Sunnmøre legevakt har ansvar for øyeblikkeleg hjelp på kveld, helg og natt. Timar  avtalast på førehånd via legevaktsentralen.

Adresse: Torvmyrane 11 b, 6160 Hovdebygda
Tlf: 116 117