Småjobbsentralen

Småjobbsentralen er eit arbeids- og aktivitetstilbod i regi av tenesta for psykisk helse og rus. For å delta må ein ha søkt vedtak for oppfølging i forhold til si psykiske helse og/eller rusutfordringar.   

  • Vi tek på oss mindre arbeidsoppdrag av kortare varigheit.
  • Vi held til saman med Møteplassen aktivitetssenter og -kafé på Viketunet.
  • Vi har ope fire dagar i veka: mandag, tysdag, onsdag og fredag kl. 10.00–14.00.  
     

Kva gjer vi?

  • Diverse interne kommunale oppgåver
  • Lettare hagearbeid/rydding (plenklipping, beskjæring av hekk, bortkøyring av hageavfall)
  • Snømåking/rydding  
  • Lettare flytteoppdrag
  • Vekkøyring av avfall  
  • Hjelper til med drifta av utlånssentralen BUA

Eventuelt andre oppdrag etter avtale. Timepris kr 350. For større eller meir langvarig arbeid kan vi avtale pris etter avtale. Vi tilbyr faktura og/eller Vipps. 
 

Aktivitetsplikt

1. januar 2017 innførte NAV vilkår om aktivitet (aktivitetsplikt) ved tildeling av økonomisk stønad til personar under 30 år. Føremålet med aktivitetsplikta er å styrke den enkelte si moglegheit for overgong til arbeid eller utdanning. Kommunane har ei plikt til å ta i mot personar på aktivitetsplikt og gi desse eit tilbod, her har Småjobbsentralen ein viktig rolle i Ørsta kommune. Les meir

Kontakt

Eve Lis Eikrem spesialpedagog og kunstnar
@ Eve Lis Eikrem
Stine Terese Vatne Riise miljøterapeut/ergoterapeut
90254673
@ Stine Terese Vatne Riise