Er du utsatt for vald eller overgrep?
Du som opplever for vald eller trugslar om vald i nære relasjonar kan få gratis hjelp på Krisesenter for Sunnmøre.
Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 er ein gratis telefon for barn og unge som er utsatt for vald, overgrep og omsorgssvikt. Alarmtelefonen er døgnopen heile året og svarer også på chat, e-post og sms. Vaksne som er bekymra for barn kan også ringe.
Overgrepsmottaket er eit akuttilbod til ungdom, kvinner og menn som om nyleg har blitt utsett for valdtekt, valdtektsforsøk eller liknande seksuell krenking, eller som er blitt utsatt for vald i nære relasjonar. Kontakt overgrepsmottaket på tlf 116 117.
Familievernkontoret i Ålesund tilbyr samtaleterapi, rettleiing og kurs. Statens barnehus er eit tverrfagleg kompetansehus med tilbod til barn og unge ved mistanke om at dei kan ha vore utsette for, eller vore vitne til, vald eller seksuelle overgrep. Målgruppa omfattar òg vaksne med ein utviklingshemming.