Rustenesta driv førebyggande tenester og tilbyr oppfølging av menneske som har eit rusproblem eller står i fare for å utvikle eit rusproblem.
Kven kan få tenesta?
Menneske som har eit rusproblem eller står i fare for å utvikle eit rusproblem.
Kva kan du forvente?
Du kan få hjelp til å kome i kontakt med andre nødvendige instansar i hjelpeapparatet, rustesting, henvisning til rusbehandling, samtalar, kontakt og oppfølging etter endt rusbehandling.
Rustenesta set i verk tvangsinnlegging i rusinstitusjon etter Helse- og omsorgstenestelova § 10-2 og 10-3, i tilfelle der det er naudsynt. Rustenesta bistår også når det skal søkast om soning i rusinstitusjon jmf Straffegjennomføringslova § 12.
Rustenesta har oppfølging ved gravide rusmisbrukarar med tanke på tvangsinnlegging etter Helse- og omsorgstenestelova § 10-3.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis
Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?
Lenke til søknadskjema finn du her
Du kan også bli henvist frå, fastlege, NAV, Tenesta for psykisk helse, Helsestasjon, poliklinikk, sjukehus, fengsel ol.
Når kan du vente svar?
Søknaden vert handsama så snart som råd og seinast innan 3 veker etter at den er motteken.
Meir om rustenesta