Arbeidstakar må ha vore tilsett i minst fire veker for å ha rett til sjukepengar, og har då rett til sjukepengar frå første sjukedag. Retten til sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar er ikkje den same som for arbeidstakarar.
For å få rett til sjukepengar som arbeidstakar må du væra arbeidsufør grunna ei funksjonsnedsetting som klart skuldast eigen sjukdom eller skade, du må ha vore tilsett i minst 4 veker og du må tape pensjonsgivande inntekt på grunn av arbeidsuføre. Det er eit vilkår at inntektsgrunnlaget for sjukepengar er på minst femti prosent av grunnbeløpet (1/2 G).
For å få rett til sjukepengar som sjølvstendig næringsdrivande må du være arbeidsufør grunna ei funksjonsnedsetting som klart skuldast eigen sjukdom eller skade, du må ha vore i arbeid i minst fire veker umiddelbart før du vart arbeidsufør og du må tape pensjonsgivande inntekt på grunn av arbeidsuføre. Sjukepengar betalast ut frå 17. dag. Du kan teikne forsikring for å få betre dekking.