Brukerstyrt personlig assistent (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse – BPA, er ei alternativ organisering av praktisk og personleg hjelp for personar med eit omfattande hjelpebehov.

Kva er BPA?

BPA inneber at brukaren, eller andre som kan representere brukaren, påtek seg rolla som arbeidsleiar. Arbeidsleiaren har ansvar for organisering og innhald i tenesta for å dekke brukaren sine behov for bistand. Målsetinga er at brukaren skal medverke over eigen livssituasjon og i større grad kunne leve eit aktivt og mest mogleg sjølvstendig og uavhengig liv.

Tenesta er heimla i helse og omsorgstenestelova § 3-8, jf. § 3-2. Tildeling av BPA skal vurderast på same måte og innanfor dei same rettslege rammer som gjeld for andre tenester i helse og omsorgstenestelova § 3-2. Kommunen kan krevje eigenbetaling for dei delar av tenesta som definerast som praktisk bistand: daglege gjeremål.

Arbeidsgjevaransvaret skal ivaretakast av kommunen eller kommunen kan vurdere å inngå ei avtale med andre offentlege eller private aktørar. Avgjerda om val av arbeidsgjevar er ikkje ein del av enkeltvedtaket, og kan difor ikkje påklagast.

 

Kven kan få BPA? 

For å ha rett til å få hjelpebehovet organisert som BPA...

  • må du være under 67 år
  • ha eit langvarig hjelpebehov, dvs. meir enn 2 år
  • og omfanget av hjelpa må vere over 32 timer kvar veke.

Under visse vilkår kan retten til BPA også gjelde om hjelpebehovet er mellom 25 og 32 timar kvar veke.

 

Meir informasjon finn du på Helsenorge.no