StøttekontaktStøttekontakt er eit tilbod til personar som grunna funksjonsnedsetjing eller av andre årsaker har utfordringar med å delta på sosiale arenaer eller vere aktiv på fritida utan hjelp i frå andre. Ei støttekontakt kan bidra med å auke sosial deltaking i kvardagen og leggje til rette for ei meiningsfull fritid. Aktivitetar som ei støttekontakt kan hjelp med kan vere: turar og trening, besøke vener/familie, cafèbesøk, kino eller andre kulturarrangement. Ørsta kommune gir også tilbod om støttekontakt til fleire brukarar samtidig i form av gruppe.Støttekontakt vert tildelt etter søknad:SøknadsskjemaÅ vere støttekontakt:Det vert ikkje stilt krav til formell utdanning for å verte godkjend som støttekontakt, men ei støttekontakt må vere omgjengeleg og glad i å vere saman med andre. Ei støttekontakt har teieplikt. Tenesta er gratis, men brukaren må sjølv rekne med å dekkje eigne utgifter medan han/ho er saman med støttekontakta. For å bli støttekontakt må du vere 16 år.Registrering støttekontakt/fritidskontaktTimelister: No skal timelistene sendast inn elektronisk, gjennom Visma.