BustønadBustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader. Husbanken og kommunen samarbeidar om ordninga knytt til bustønad. Husbanken fattar vedtaka, men det er komunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar. Husbanken Kven kan få bustønad? På Husbanken sine nettsider kan ein sjå kven som kan få bustønad, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Her kan du også prøve kalkulatoren for bustønad, for å sjå kor mykje du evt. kan få. Sjå om du kan få bustønad Søk bustønad Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetalinga skjer omkring den 20. i månaden etter. Om du får bustønad, vert søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, vert søknaden din overført til neste månad automatisk. Her søkjer du Meld frå om endringar Du har sjølv plikt til å melde frå om det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk difor alltid om du har brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. Meld frå om endringar Klage på vedtak om bustønad Om du meinar at noko i vedtaket er feil, kan du klage innan 3 veker etter at du mottok vedtaket.Slik klagar duKlagen sendast til:Ørsta kommuneAdresse: Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 ØrstaE-post: postmottak@orsta.kommune.no Kvar finn ein ansvarlege for bustønad i kommunen: Servicekontoret Dalevegen 6 6153 Ørsta 700 49 700