Pakkeforløp heim for pasientar med kreft
Alle som får ei kreftdiagnose får tilbod om "Pakkeforløp hjem for pasienter med kreft". Pakkeforløpet skal sikre ein god overgang mellom sjukehus og kommune, slik at pasient og pårørande skal for god oppfølging gjennom heile forløpet. Pakkeforløpet er eit tilbod om samtalar for å få fram dine behov for tenester og oppfølging, utover sjølve kreftbehandlinga. Det er din livssituasjon, og kva som er viktig for deg, som skal stå i fokus.
Meir informasjon om "Pakkeforløp hjem for pasienter med kreft".