Koordinerande eining
Tildeling og koordinering er kommunen si koordinerande eining. Vi har ansvar for
- å kartlegge og vurdere behovet for koordinering etter søknad eller melding
- å vurdere om personen/familien/barnet fyller vilkår for koordinator eller barnekoordinator
- oppnemne koordinator eller barnekoordinator
- opplæring og rettleiing av koordinator/barnekoordinator
- overordna ansvar for individuell plan
Koordinator
Kommunen skal tilby koordinator for personar med behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester.
Koordinatoren skal sørge for naudsynt oppfølging og at tenestetilbodet blir samordna.
Dersom du har individuell plan, skal koordinator sikre framdrift av planen.
Ofte vil det vere ein av dei du mottek tenester frå som blir utnemnd til koordinator. Du kan kome med ønske om kven du vil ha som koordinator.
For å få oppnemnt koordinator, må begge desse vilkåra vere oppfylt:
- du skal ha behov for langvarige helse- og omsorgstenester
- du skal ha behov for koordinerte tenester
Retten til koordinator er heimla i pasient- og brukerrettighetslova § 2-5 b.
Barnekoordinator
Familiar som har eller venter barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, kan få oppnemnt ein barnekoordinator.
Familien har rett til barnekoordinator når alle desse vilkåra er oppfylte:
- familien ventar barn eller har barn under 18 år
- barnet har alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne
- barnet vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester.
Ein barnekoordinator kan hjelpe familien ved å
- ha oversikt over og koordinere dei tenestene de og barnet har kontakt med
- gi informasjon og rettleiing om relevante helse- og omsorgstenester, slik at de enklare får oversikt over rettar og pliktar
- gi informasjon om relevante velferdstenester og frivillige pasient- og brukarorganisasjonar
- få tydeleg fram stemma til barnet slik at barnet sjølv får formidle kva som blir opplevd som god og nyttig hjelp
- sjå til at det er framdrift i arbeidet med individuell plan, dersom barnet har det
Retten til barnekoordinator er heimla i pasient- og brukerrettighetslova § 2-5 c.
Samarbeidsplikta
Dersom du ikkje har rett på koordinator eller barnekoordinator, kan du likevel ha rett på at tenestetilbodet blir samordna.
Helse- og omsorgstenestene og velferdstenestene har plikt til å samarbeide i enkeltsaker dersom du har behov for eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.
Det blir ikkje gjort vedtak om samarbeid.
Individuell plan
Personar som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, har rett til å få utarbeida individuell plan.
Ein individuell plan skildrar korleis tenestene skal samarbeide slik at du får ei heilskapleg oppfølging. Planen blir laga i samarbeid mellom deg og tenesteytarane dine og blir oppdatert fortløpande. Planen er basert på behova dine og det som er viktig for deg. Planen skal gi ei oversikt over måla dine, kva som skal gjerast til kva tid, og kven som har ansvaret. Det er koordinator eller barnekoordinator som skal sikre framdrift i arbeidet med den individuelle planen.
Retten til individuell plan er heimla i pasient- og brukerrettighetslova § 2-5
Ørsta kommune brukar i hovudsak Flyt Samspill som verktøy for utarbeiding av planen. Flyt Samspill kan også brukast som samhandlingsverktøy sjølv om ein ikkje har individuell plan.
Samtykke
Det er du som bestemmer kva opplysningar som skal delast mellom tenestene.
Korleis søke?
Søknadsskjema
Nyttige lenkjer