Kvardagsrehabilitering

Kva er kvardagsrehabilitering?

Kvardagsrehabilitering er rehabilitering og førebygging i brukaren sin eigen heim, der målsetjinga er auka livskvalitet og eigenmeistring.

Kvardagsrehabilitering er intensiv og tidsavgrensa. Fokuset er trening i daglege gjeremål i eigen heim. Eit tverrfagleg team med ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar gjer ein systematisk kartlegging. I samarbeid med deg blir det utarbeida mål, som du synest er viktig å meistre i din kvardag.

Teamet og heimesjukepleia vil ilag med deg samarbeide mot dine mål. Innsatsen vil vere intensiv i starten og minke i takt med betringa av dine funksjonar. Kvardagsrehabilitering startar med spørsmålet: ”Kva er viktige aktivitetar i livet ditt no?" - For mange handlar det om å vere aktive og kunne meistre daglege aktivitetar i kvardagen. 
 

Digitalt søknadsskjema 

Søknadskjema i PDF sender eller leverar du på rådhuset.
 

Målgruppe:

Du som...

  • søkjer helse- og omsorgstenester for fyrste gong, eller søkjer om meir teneste
  • opplever utfordringar i kvardagen etter sjukdom/skade
  • opplever ein reduksjon i funksjonsnivå, eller har risiko for å miste funksjon
  • er motivert til å klare deg sjølv
  • ynskjer å vere aktiv og bu heime


Kva kan du forvente av oss?

Vi kjem heim til deg og vil saman med deg trene på det synest er viktig å meistre i kvardagen
For å oppnå dette jobbar vi intensivt saman med deg i ei avtalt tidsperiode. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs.


Kva vi forventar av deg?

Du er motivert til å gjere ein innsats for å gjenvinne det du tidlegare meistra, slik at du i størst mogleg grad kan fortsette å vere aktiv i eige liv - i eigen heim.

Kontakt

Monica Gustavsen ergoterapeut / kvardagsrehabilitering
95172954
@ Monica Gustavsen
Heidi Line Hagen sjukepleiar
@ Heidi Line Hagen
Karen Øie spesialfysioterapeut/frisklivsrettleiar
90118760
@ Karen Øie