Dagtilbod

Dagavdelinga Hagestova har lokale på Ørstaheimen

Hagestova

Tlf: 90 59 17 03

Dagtilbodet ved Hagestova er særskilt tilrettelagt for personar med demenssjukdom.

Målsetjinga med tilbodet er å førebygge funksjonssvikt og bidra til at brukaren kan halde fram med å bu i eigen heim.

Det er utarbeidd tildelingskriterium for tenesta og tildeling skjer etter ei individuell og fagleg vurdering av helse- og livssituasjon. Omfanget av tenesta vert fortløpande vurdert.

Ved dagtilbodet vert det servert frukost og middag. Her er ulike aktivitetar som baking, handarbeid, songstunder, turar, samt enkel trening. Det er tilbod om transport til og frå dagavdelinga dersom du har behov for det.

Tilbodet er ei betalingsteneste.
 

Opningstider

Måndag–fredag kl. 08.30–14.30
Stengt i helgene og høgtidsdagar.
Tilbodet kan også vere feriestengt i løpet av sommaren.

Kontakt

Kjersti Elin Årøen teamleiar Hagestova dagavdeling
90591703
@ Kjersti Elin Årøen