Avdelinga tek i mot pasientar i ulike aldersgrupper, diagnose og behov, både frå sjukehus og heimen. Alle blir kartlagt og vurdert individuelt. Målet til Ørsta kommune er at alle skal bu heime i eigen bustad lengst mogleg. Difor har vi fokus på rehabilitering i daglege aktivitetar, spesielt det som skal til for at pasienten skal kunne klare seg heime.
Brosjyre
I periodar er det mange som har behov for plass, då må pasientane rekne med å måtte dele rom, og/eller flytte rom internt i avdelinga. Avdelinga har 16 rom
Vi samarbeider med: heimesjukepleia, lege, tildelingskontor, kreftsjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut.
Einingsleiar Dagrun Opsal
Tlf: 48 07 09 65