Gå til postliste
Henvising til: Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).
Du kan be om innsyn i dokument og få kopi av dokument, på e-post eller ordinær post. For at Servicekontoret skal handsame innsynet, må du opplyse kva sak det gjeld med saksnummer, sakstittel, dokumenttittel, journaldato, avsendar/mottakar, opplysningar som du finn på postlista.
Innsyn i heile saker
Du har og rett til å be om innsyn i alle dokument i ei sak. Ver merksam på at ei sak kan innehalde mange dokument, gå gjennom saka og be om innsyn i dei dokumenta du har nytte av.
Unnateke offentleg innsyn
Enkelte dokument vil vere underlagt teieplikt i lov eller i medhald av lov. Det kan til dømes dreie seg om interne dokument eller dokument som inneheld opplysningar som er undergjeve lovbestemt teieplikt.
Dokument som er underlagt teieplikt vert i postjournalen merka med Hjemmel med påfylgjande lovparagraf. Avs/mot merka med *****
Dersom du ynskjer å få innsyn i eit dokument, som er unnateke, sender du e-post til postmottak@orsta.kommune.no eller brev til servicekontoret. Gi opp saksnummer, tittel , journaldato, avs/mot. Søknaden vert individuelt handsama og frist for skrifteleg svar er 5 arbeidsdagar.
Dersom du får avslag på krav om innsyn, kan du påklage vedtaket til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Send klage til Ørsta kommune, Servicekontoret, som sender klagen vidare til Statsforvaltaren.
Elevmapper og personalmapper
Ligg pr. i dag ikkje på postlista. Du kan tinge desse postlistene. Henvend deg til servicekontoret.