Kva betyr rett og plikt til opplæring?
Rett til opplæring betyr at ein har rett på gratis opplæring etter læreplan i Norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, fastett av Hk-dir. - direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Denne retten mister ein dersom opplæringa ikkje vert gjennomført innan tre år etter busetting. Etter det må ein betale opplæringa sjølv.
Plikt betyr at ein må ha gjennomført opplæringa for å kunne søkje permanent opphald eller statsborgarskap seinare.
For dei med rett, eller rett og plikt, vil opplæringa vere gratis.
Betalingskurs
Vi tilbyr også betalingskurs for elevar med plikt, men ikkje rett, og andre innvandrarar som treng å utvikle norskkunnskapane sine. Dette tilbodet kan vere utforma privat, eller i samarbeid med t.d. ein arbeidsgivar eller NAV.
Du vil bli invitert til ein kartleggingssamtale, om nødvendig med tolk, før opplæringa tek til.
Norskkurs
Vi kan tilby kurs på dagtid tre eller fire dagar i veka, på nivå A1/A2 og A2/B1 etter det europeiske rammeverket for språk.
Vi har oppstart av nye kurs fleire gongar i året. Ta kontakt for datoar.
Ved stor etterspurnad vil det også kunne bli aktuelt å tilby kurs på kveldstid.
Kurs i samfunnskunnskap
Elevar med rett og plikt til opplæring, skal gjennomføre 75 timar samfunnskunnskap innan eit år etter dei vert busette. Desse kursa vert oppretta etter behov, på norsk og språk deltakaren forstår. Elevar med rett og plikt har tilbod om gratis kurs. Vi tilbyr også betalingselevar å delta på oppsette kurs.
Ta kontakt med Ørsta opplæringssenter for informasjon om rett og plikt, innhald, prisar, omfang og søknadsskjema.