Introduksjonsordning

For å ha rett og plikt til introduksjonsprogrammet er det ein føresetnad at ein er busett i ein kommune etter avtale med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), eller er familiesameint med ein som er busett. I tillegg må ein ha behov for grunnleggande kvalifisering.

Når ein deltek i introduksjonsprogram, har ein krav på introduksjonsstønad. På årsbasis utgjer dette to gonger folketrygda sitt grunnbeløp. Deltakar under 25 år mottek 2/3 stønad.

Programmet skal være heilårleg og på fulltid, og kan ved behov vare i inntil 2 år. I særlege tilfelle kan introduksjonsprogrammet bli utvida til inntil 3 år.

Programmet skal minst innehalde opplæring i norsk og samfunnskunnskap samt førebuing til deltaking i arbeidslivet.

Det skal utarbeidast ein individuell plan med bakgrunn i den enkelte sitt opplæringsbehov.

Målgruppe:

Nyankomne flyktningar mellom 18 og 55 år som har behov for grunnleggande kvalifisering, som har eit av følgjande opphaldsgrunnlag:

  • Asyl
  • Overføringsflyktningar med innreiseløyve
  • Innvilga opphalds- eller arbeidsløyve med sterke menneskelege omsyn etter søknad om asyl
  • Familiesameining med personar i dei ovanfornemnde gruppene som ikkje har vore busett meir enn 5 år

Om søknadsprosessen

Søknad fremjast til flyktningkontoret i Ørsta kommune.

Kommunen har plikt til å tilrettelegge introduksjonsprogram så snart som mogleg og innan tre månader etter busetting.

Kontakt

Bård Flekke fagleiar flyktningtenesta
70049714
48892396
@ Bård Flekke
Preben Trellevik Flyktningkoordinator
95962432
@ Preben Trellevik