Flaggreglement

Pixabay.com
Lov og reglement

Grunnlaget for flaggreglane er desse:
Lov om Norges flagg av 10.12.1898 nr.1
Lov om flagging på kommunenes offentlige bygninger av 29.06.1933 nr. 2
Forskrift angående bruk av statsflagget og handelsflagget av 21.10.1927 nr. 9733
Etter forskrifta er det utenriksdepartementet som avgjer tvilstilfelle om bruk av statsflagget på
offentlege bygningar.

Statsflagget

Statsflagget (utan splitt og tunge) skal nyttast på eller frå kommunen sine offentlige bygningar og eigedomar eller bygningar og eigedomar som i hovudsak vert nytta av kommunale institusjonar eller verksemder. Frå rådhuset er det statsflagget som skal nyttast, eventuelt i kombinasjon med sameflagget og flagg til framande land.

Andre flagg og vimplar

Det er lov å bruke sameflagget og flagg til framande land ved sidan av det norske flagget der det er naturleg som honnør. Bruk av desse flagga skal skje i samsvar med dette reglementet.

Kommuneflagget og –vimpelen kan brukast frå og ved kommunen sine bygningar og offentlege plassar utan tidsavgrensingar.

Det er høve til å flagge ved andre høgtidlege og festlege høve med andre flagg frå andre kommunale bygg enn rådhuset. Vilkåret er at slike bygningar og eller grunn vert nytta i samband med arrangementa.

Frå kommunalt eigde flaggstenger på torg og bruer er det høve til å flagge med andre flagg
ved høgtidelege og festlege høve av almen karakter, etter søknad.

Offentlege flaggdagar

Statsflagget bør vanlegvis berre brukast på offisielle festdagar og når offisiell flagging er påbode.

1. januar: 1. nyårsdag
21. januar: Fødselsdagen til H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra
6. februar: Samefolkets dag
21. februar: Fødselsdagen til H.M. Kong Harald V
1. mai: Offentleg høgtidsdag
8. mai: Frigjeringsdagen 1945
17. mai: Grunnlovsdagen
7. juni: Unionsoppløysinga 1905
4. juli: Fødselsdagen til H.M. Dronning Sonja
20. juli: Fødselsdagen til H.K.H. Kronprins Haakon Magnus
29. juli: Olsokdagen
19. august: Fødselsdagen til H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit
25. desember: 1. juledag
Bevegeleg: 1. påskedag
Bevegeleg: 1. pinsedag
Bevegeleg: Dagen for Stortingsval

Andre flaggdagar

Det skal flaggast med statsflagget ved andre høgtidelege og festlege høve innan nasjonen, kongehuset eller kommunen. Flagging skjer elles ved offisielle besøk frå medlemar av kongehuset, utanlandsk statsoverhovud og fyrstelege personar.

Det skal flaggast ved rådhuset under gravferda til ordførar og tidlegare ordførar. Det skal også flaggast i gravferda til tilsette og kommunestyremedlemar som har eit aktivt verv/tilsettingstilhøve då dei døde. Er det kjend at flagging ikkje er ynskt, skal dette respekterast.

Heising

Flagget vert å heise på stang på taket, frå sida av bygninga eller på frittståande stang. Heising skal skje rutinemessig på dei offisielle flaggdagane som er nemnde over. Ved andre høve vert heising gjort etter nærare tilkalling. Ansvarleg for flagging i kommunal regi er eigedomsavdelinga i kommunen.

Tidspunkt for flagging

Flagget vert i månadane frå og med mars til og med oktober heist kl. 08.00, resten av året kl. 09.00. Flagget skal firast ved solnedgang, men ikkje seinare enn kl. 21.00 sjølv om sola går ned etter den tid. Flaggreglane kan fråvikast ved at det vert heist og firt innan dei tider som står over. 

Tvilstilfelle

Skulle det vere tvil om forståinga av reglementet, er det ordføraren som avgjer saker.