Fleire lag og organisasjonar nyttar Ørstahallen og gymsalane. Hallstyret fordeler treningstider i desse idrettshallane for kvart skuleår etter innkomne søknadar. I helgane vert Ørstahallen stort sett nytta til handballkampar, og det er difor kun unntaksvis at det går an å få halltid då.
Lysing om treningstid vert annonsert i Møre-Nytt, med søknadsfrist ca 1.mai.
Grunna mange søkjarar, og begrensa halltid, har Hallstyret valt å prioritere innandørsidrettar ved fordeling.
Bruk av gymsalar ved øvrige skular i kommunen kan takast opp direkte med rektor på gjeldande skule.