Kulturminneplan

stavbergsetra_Gunnar Wangen.jpg

Ørsta kommune har for første gong fått eigen kulturminneplan. Planen inneheld ei oversikt over kulturminne og kulturmiljø i kommunen, og identifiserar dei av lokal verdi som er viktige å ta vare på for framtida. Vidare skildrar planen på kva måte dette kan gjerast. 

Kommunedelplan for kulturminne og -miljø 2017-2025


Ein kulturminneplan er eit  nyttig verkty i arealforvaltinga og byggesakshandsaminga i kommunen, og den gir større føreseielegheit for grunneigarar, utbyggarar og andre.

Ein kulturminneplan er også viktig for å løyse ut tilskot til vedlikehald og restaurering av kulturminne. Einskildobjekt og kulturmiljø som i planen er identifiserte til å ha lokal verdi,  vert prioriterte ved tildeling av offentlege kulturvernmidlar, men også private.

Planen i seg sjølv gir ikkje grunnlag for vern, men kan peike på behov for dette.