Ønskje om ein auka satsing på det frivillige livet i Ørsta har lenge vore ytra frå både ulike lag og foreiningar, frivillige og politikarar. I september 2012 tok Rebecca Riise Bjerknes til i stillinga som dagleg leiar for Ørsta frivilligsentral og dermed var arbeidet i gang.
Tilrettelegging for frivillige er viktig, og ønskjet er å gjere det å vere frivillig så enkelt og kjekt som mogleg. Sentralen vil i tillegg vere ein pådrivar ovanfor nye tiltak som Ørsta kommune ikkje har i dag.
Frivilligsentralen er open for alle
For å få til det me ønskjer med sentralen er me avhengige av at frivillige brukar oss og dei tilboda me har, men også at frivillige stiller opp for oss. Ørsta frivilligsentral skal vere lett tilgjengeleg og open for alle. Målgruppa vår er folk i alle aldrar og av alle ulike bakgrunnar. Er det nokon som ønskjer å medverke med noko er det berre å ta kontakt. Gode idear og forslag vil verte sett pris på og støtta opp om.
Dagleg leiar finn du på Ørstahallen. Kontakt frivilligsentralen på telefon 91313572 eller på e-post frivillig@orsta.kommune.no .