Treningstid i Ørstahallen
Ørstahallen har 3 speleflater. Meir informasjon om søknad på treningstid.
Open møteplass for barn og unge
Open møteplass er eit gratistilbod etter skuletid for born og unge frå 6. klasse og oppover. Sjå opningstider og les meir om Open møteplass her.
Møterom
Ørstahallen har møterom på 160 , 80 og 10 kvadrat. For booking av møterom, ta kontakt med dagleg leiar.
Ørstahallen som fleirbrukshall
Ørstahallen, med sine 3 speleflater har så langt vore nytta til konsertarena, messer, foredrag og konferansar. For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar.
Speleflater tilrettelagt for:
- 1 bane el-innebandy
- 1 bane for turn m/turngrop
- 2 baner innebandy
- 3 baner futsal
- 3 baner volleyball
- 3 stk handballflater + matchbane
- 4 baner basket + matchbane
- 4 baner minihandball
- 12 baner badminton
Areal for idrettsaktivitet:
- Treningsrom for bordtennis
- Styrketreningsrom
- Løpebaner friidrett med hoppegrop
- Utvendig løpebane under tak
- Klatrehall med 15 m høg klatrevegg, buldrevekk, kursvegg og alpin redning
- Felles vrimleareal og foajé
- Skadestove
I tillegg finst det klubblokale, møterom, kjøkken, kontor og garderober.
Hallen har 1100 sitteplassar på tribune, godkjent opphald på max 2 284 personar (fleire med ekstra vakthald) og hallen er universelt utforma og det er montert teleslyngeanlegg i alle opphaldsrom.
Garderobekapasitet
- 10 garderober, kvar har plass til 26 personar
- 10 mindre garderober for dommarar og lærarar
Potensiale for store mesterskap
Hallen er tilrettelagd og har potensiale for store mesterskap; både nasjonalt og internasjonalt. Dette gjeld idrettane handball, klatring, bordtennis, basketball, men også andre idrettar har moglegheiter for slike arrangement.
Kontakt
Kontakt dagleg leiar Rebecca Riise Bjerknes på telefon 91 31 35 72 eller e-post orstahallen@orsta.kommune.no
Følg Ørstahallen på Facebook