Høyring: Feiring av 17. mai i Ørsta sentrum

I politisk sak 24/5326 føreslår kommunedirektør følgjande modell for feiring av 17. mai i sentrum krins:

Pixabay.com
  • Same tidspunkt for barnetog, folketog og folkefest som i dag
  • 7. trinn får ansvaret for feiringa i sentrum, og det er skulane som stiller i barnetoget som er med: Dalane skule, Hovden skule, Velle skule og Åmås friskule
  • Det er FAU-representantane for klassesteget som utgjer hovudnemnda
  • Hovudnemnda fordeler oppgåver/ansvar. Det er forventa at alle elevar og føresette bidreg.
  • Noko av inntektene til 17. mai arrangementet må støttast av annonsesal til 17. mai programmet.
  • Frivillige lag kan arrangere kiosksal i Ørstahallen og på kulturhuset, men i regi av hovudnemnda
  • Kommunedirektør ser til at det blir kalla inn til første møte i hovudnemnda i januar kvart år, og at det ligg føre eit forslag til organisering
  • Det blir oppretta eit organisasjonsnummer til nemnda og kommunen tek ansvar for fakturering og fører økonomien, og stiller elles skulebygg og andre bygg til disposisjon for feiringa

Forslaget om at det er 7. trinn som får ansvaret, er at dei kan bidra under delar av gjennomføringa og er elles meir sjølvstendige enn yngre elevar, foreldregruppa kjenner kvarandre godt etter fleire år på barneskulen og kan lettare fordele arbeidsoppgåver ut frå det.

Vi ønskjer innspel på:

Skal det vere opna for at frivillige lag og organisasjonar får drifte kiosksal, og dermed få inntektene? Eller er dette noko som bør ligge til arrangør/hovudnemnda og dermed går inntektene til hovudnemnda.

Er det konkrete innspel til andre modellar for feiring av 17. mai i Ørsta sentrum? 

Send inn

Send innspel i digitalt skjema, eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta. Merk med saksnr 24/5326.

Send oss innspel 

Fristen er 20. november. 

Følg oss