Høyring: Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2025–2037

Formannskapet vedtok i møte 26.11.2024 å legge framlegg til kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet ut til høyring. 

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet er ein tematisk kommunedelplan. Planen skal sikre ei målstyrt og prioritert utvikling innan utbygging av anlegg til idrett og eigenorganisert fysisk aktivitet. Hovudmålet i planen er: «meir fysisk aktive innbyggjarar med dei helsegevinstane det gjev.»

Planen er også grunnlaget for søknad om statlege spelemidlar, og peikar ut modellar for oppgåve- og ansvarsfordeling mellom lag- og organisasjonar og kommunen. 
Planframlegget

Saman med kommunedelplanen høyrer også forslag til forvaltningsplan for statleg sikra friluftsområde 2025–2030.

Dokument:

Merknader til framlegget kan sendast til postmottak@orsta.kommune.no eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, innan 27.02.2025.

Følg oss