Oppstart: Arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel

Illustrasjon - Klikk for stort bilete

Varsel om oppstart på arbeid og invitasjon til innspel på kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel.

Kommunestyret i Ørsta har i møte 12.09.2024, sak 72/24, fatta vedtak om å varsle oppstart arbeidet med revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel, jf.  plan- og bygningslova §§11-2 og 11-12. Planprogrammet vart lagt ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova § 11-13, i juni saman med planstrategien.

I medhald av plan- og bygningslova § 11-12 varslar Ørsta kommune oppstart av rullering av kommuneplanen – arealdelen (PlanID 1520_KPK-8901).

Rulleringa gjeld sjø- og landareal innanfor kommunegrensa.

Tidlegare stadfesta kommunedelplanar innanfor planområdet skal i hovudtrekk vidareførast. Utgreiingar knytt til overordna prioriteringar for disponering av areal i kommunen kan medføre avgrensa justeringar i stadfesta kommunedelplanar.

Utkast til planprogram for rulleringa vert lagt ut til offentleg høyring i samsvar med krava i plan- og bygningslova.

Gjeldande arealdelplan

Samfunnsdelplan

Alle kommunedelplanar

Høyringsfrist er 22. november.

Innspel

I høve arbeidet med ny kommuneplan vil kommunen invitere alle til å kome med innspel og synspunkt til planarbeidet. Merknader skal vere skriftelege.

Send via digitalt skjema:

Samfunnsdel  Arealdel

Eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta eller til postmottak@orsta.kommune.no. Merk med saksnummer 24/5095 (samfunnsdel) eller 24/4451 (arealdel). 

Innspel som blir vurdert til å falle inn under kommunedelplanar, untatt revisjon, vil ikkje verte behandla i arbeidet med kommuneplanens arealdel. 

Følg oss