Varsel om vedtak: Planprogram for kommuneplanen sin arealdel

Formannskapet vedtok i møte den 08.04.2025 planprogrammet for arealdelen av kommuneplanen for perioden 2026–2036.

Det vedtekne planprogrammet er ei politisk bestilling til administrasjonen og fungerer som prosjektplan for gjennomføringa av arbeidet med kommuneplanen sin arealdel. Vedtak om fastsetjing av planprogram kan ikkje påklagast.

Planprogram Arealdelen 2026–2036

Saksframlegg og protokoll ligg i innsynsløysinga for politiske møte (sak: PS 40/25).

Følg oss