DigiHelse – Digitale helsetenester
Dei som får heimehjelp eller matombering, eller dei som har fullmakt frå desse, kan no kommunisere digitalt med dei tilsette.
Kom i gang med digitale helsetenester
For å bruke det nye tilbodet må du motta heimetenester i Ørsta.
- Du loggar deg inn på helsenorge.no.
Av hensyn til sikkerheit, må du bruke bankID eller tilsvarande når du loggar inn.
- For å bruke tilbodet må du ved innlogging akseptere bruksvilkåra.
Frå du aksepterer bruksvilkårene vil det ta èin dag før du kan bruke det nye tilbodet på helsenorge.no.
Fullmakter finn du under innstillinger ved namnet ditt i toppmenyen.
Under “Kontaktinformasjon og varseloppsett” kan du bestemme om du vil ha varsling på tekstmelding
eller e-post.
(Trykk på biletet for å sjå korleis det ser ut).
Kvifor skal eg gjere dette?
Dette tilbodet skal sikre at du som mottek tenester frå kommunen eller pårørande:
- enklare kan ha kontakt om det som er viktig for deg
- slepp telefonkø
- kan skrive og lese meldingar når og kvar det passar for deg
- har oversikt over kva du mottek av hjelp og enklare kan planlegge kvardagen
- kan gi beskjed når det er nødvendig å endre eller avbestille avtalar.
Kva skjer med meldingane?
Meldingane du sender på helsenorge.no kan erstatte beskjedar og spørsmål som du hittil berre har gjort per telefon, papir og andre måtar.
- Når du henvender deg til helse- og omsorgstenestene i Ørsta via helsenorge.no vil dei svare via helsenorge.no.
- Du kan forvente å få svar første virkedag etter at du har sendt ei melding.
- Meldingane fra deg blir bare lest av tilsette i helse- og omsorgstenesta som har lov til å sjå opplysningar om deg.
- Du vil få varsel om nye meldingar til deg på tekstmelding eller post, avhengig av hva du føretrekk.
Sjå heile helsenorge.no si brosjyre her
Les også artiklane: