ID-porten
Her finn du eDialog
For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m.). Når du har logga inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumentet du vil sende oss. Merk at dokumenta du lastar opp må være i pdf-format.
Ved å nytte tenesta eDialog, kan du sende Ørsta kommune dokument via ein sikker kanal. Mange sender oss e-post i dag. Det kan vere ein usikker kanal fordi e-posten kan verte hacka, stoppa i spamfilter eller at saksbehandlaren du sender til, kan vere vekk over lang tid. Vi anbefaler deg difor å bruke eDialog ved sending av dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er sensitivt.
Slik fyller du ut skjemaet
- Vel om du er privatperson/innbyggjar eller om du representerer ei verksemd
- Obligatoriske felt er merka med *
- I tittelfeltet er det fint om du skriv inn saksnummeret ditt om du sender noko i samband med ei sak som allereie er starta, for eksempel 2017/1019
- Gi ei god skildring av sendinga. Om du sender med vedlegg, vert det du skriv i kommentarfeltet lagt inn som vedlegg til sendinga di i sak- og arkivsystemet vårt
- Når du klikkar på «Send forsendelse», vert brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet
- Du får kvittering på sending med referansenummer på e-post
Du skal ikkje nytte eDialog:
Du skal ikkje bruke eDialog om Ørsta kommune har elektroniske skjema til formålet, for eksempel søknad om plass i barnehage, SFO og kulturskole, søknad på stilling osv. Sjå alle skjema her.
Fordelane med eDialog er fleire: