Ambulerande skjenkeløyve
Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikke i lukka selskap, må du søke kommunen om ambulerande skjenkeløyve. Selskapet kan ikkje vere ope for utanforståande, det må vere ei lukka gruppe jamfør defininsjnen i alkohollova. Gjestane kan ikkje vere inviterte gjennom annonsar, plakatar eller sosiale medium. I slike tilfelle må du i staden søkje om skjenkeløyve for einskildhøve.
Sjølv om du ikkje tek betalt for drikka, er det løyveplikt for skjenking av alkohol på følgjande stader:
- Serveringsstader
- Lokale som vanlegvis er tilgjengelege for alle
- Forsamlingslokale og andre felleslokale
- Stader der offentlege møte, festar, utstillingar eller anna finn stad
- Gate, torg, veg, park eller andre offentlege plassar
- Transportmiddel som vanlegvis er tilgjengelege for alle
Skjenkeløyve ved einskildhøve
Skal du arrangere festival, konsert eller anna klart avgrensa arrangement som er ope for publikum og servere alkoholhaldig drikke, må du søke kommunen om skjenkeløyve.
Dersom arrangementet blir halde i eit lokale som alt har skjenkeløyve, treng du ikkje å søkje.
Omsetningsoppgåve og gebyr for sal og skjenking av alkohol
Alkohollova pålegg alle som har sals- eller skjenkeløyve å betale eit årleg løyvegebyr til kommunen. Storleiken på gebyret er avhengig av kor mykje alkohol som vert omsett.
Kvart år skal løyvehavar sjølv melde inn opplysningar om alkoholsalet til kommunen. Det skal leggast ved etterprøvbare opplysningar frå leverandør saman med omsetningsoppgåva.
Frist for å levere omsetningsoppgåve for føregåande år er 1. mars.
Skjema for dette finn du her:
Omsetningsoppgåve
Gebyr og gebyrsatsar
Løyvegebyret vert fastsett for den einskilde løyvehavar på grunnlag av forventa omsett mengde alkoholhaldig drikk. Omsetningstala for føregåande år vert brukt som utrekningsgrunnlag.
Det er fastsett eit årleg minimumsgebyr for butikkar og skjenkestadar med relativt låg omsetning. Gebyra er fastsett som eit fast kronebeløp per liter og vil difor auke med aukande omsetning, der ein multipliserer omsett mengde med satsen for dei ulike varegruppene.
Varegruppe 1 er alkohol inn til 4,7 vol % (øl og sider)
Varegruppe 2 er mellom 4,7 og 22 vol % (vin)
Varegruppe 3 er over 22 vol % (brennevin)
Dersom det er avvik mellom tidlegare oppgitt forventa omsetning og faktisk omsetning, kan kommunen gjere ei etterberekning og eit etteroppgjer.
Satsar