Landbruk

Ansvaret for den kommunale landbruksforvaltninga ligg til Landbrukskontoret. Kontoret er organisatorisk lagt i kommunalområdet Teknisk, eigedom og landbruk. Landbrukskontoret er førstelinekontakt mot bønder, skogeigarar, grunneigarar og næringsdrivande. Kontoret skal bidra til å gjennomføre den til ei kvar tid gjeldande mat- og landbrukspolitikken som Stortinget vedtek. 

Kontoret er felles for Ørsta og Volda.

Landbrukskontoret skal hjelpe til med å utvikle eit bærekraftig og miljømessig godt drive landbruk. I tillegg til sysselsetting og inntekter i landbruket skal vi og ta i vare interesser i høve ålmenta. Gjennom rettleiing, planlegging og sakshandsaming innan jord- og skogbruk er det ei måsetjing at forbrukarane vert sikra trygge matvarer av god kvalitet, produsert på ein forsvarleg måte.

I det daglege er målgruppa bønder, skogbrukarar, grunneigarer, andre næringsdrivande og nyetablerarar. I Ørsta var det i 2023 154 aktive jordbruksføretak. Jordbruket i Ørsta er grovfôrbasert og hovudproduksjonane er mjølkeproduksjon og kjøtproduksjon på storfe, svin og sau. Matproduksjonen er stor, og i 2023 vart det produsert om lag 7,8 millionar liter mjølk og 715 tonn kjøt i kommunen. Landbrukskontoret formidla i 2023 om lag 60 mill. kr. gjennom ulike tilskotsordningar til landbruksnæringa i Ørsta, og kontoret yter hjelp til utvikling både innanfor primærproduksjonane og i tilleggsnæringar.

Kontakt

Liv Bente Viddal tenesteleiar
90704008
@ Liv Bente Viddal
Emma Marie Høie Kjøde konsulent
90704501
@ Emma Marie Høie Kjøde
Børild Skåra rådgjevar
90699240
@ Børild Skåra
Peder Magnussen skogbruksansvarleg
45282680
@ Peder Magnussen
Jan Endre Nesdal rådgjevar
90255815
@ Jan Endre Nesdal
Oddhild Kalvatn konsulent
90723453
@ Oddhild Kalvatn