Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)

Du kan søkje kommunen om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Føremålet med ordninga er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet til jordbruket, i tillegg til å redusere forureininga frå jordbruket ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift.

Føremålet med SMIL-tilskotet er mellom anna å:

  • Motverke attgroing og tap av biologisk mangfald
  • Fremje beitebruk
  • Redusere risiko for erosjon og avrenning til sårbare vassdrag (t.d. eparere hydrotekniske anlegg, forsterke elveforbygging)
  • Hindre ureining frå jordbruket frå areal, fôr- og gjødsellager
  • Hindre forfall og sette i stand eldre, verneverdige bygningar
  • Ta vare på viktige kulturminne og kulturmiljø, og andre element i kulturlandskapet.
  • Tilrettelegging for ferdsel og opplevingar i kulturlandskapet.
  • Fjerne piggtråd frå inn- og utmark.  15 kr per meter.

Døme på tiltak:

  • Beiterydding. Det vert rydda, gjerda og beita med husdyr i etterkant.
  • Opprusting av eldre bygningar, også seterhus.
  • Rydding av kanalar
  • Tilrettelegging for ferdsel i inn og utmark.

Tilskotet er 40–70 % av kostnad. Arbeidsfristen er 3 år og kan forlengast med 2 år.

Slik søkjer du

Hovudsøknadsfristen er 1. februar kvart år, men det er høve til å søkje heile året. Ørsta og Volda kommune får ca 500 000,- til utdeling kvart år.

Søknadskjema i Altinn

Eigar eller drivar kan søkje. Det er utarbeidd lokale retningslinjer med satsar for arbeid.

Kommunen avgjer søknaden om tilskot og prioriterer søknader som ligg innafor retningslinjene til kommunen.

Kontakt

Oddhild Kalvatn konsulent
90723453
@ Oddhild Kalvatn
Emma Marie Høie Kjøde konsulent
90704501
@ Emma Marie Høie Kjøde