Avløysarordningane er ein del av velferdsordningane i landbruket der formålet er å sikre næringa moglegheiter for ferie og fritid og hjelp ved sjukdom. Ordninga - avløysing ved sjukdom - bidreg til å finansiere leige av hjelp når den som har næringsinntekt frå føretaket er sjuk, ved svangerskap, dødsfall, m.v.
Støtte kan gis til avløysing ved mellom anna: Avvikling av ferie og fritid, sjukdom, svangerskap/fødsel/adopsjon, følgje av sjuke born til behandling og dødsfall i nær familie. Tilskotet kan gis for å dekke faktiske utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjevaravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysar. Avløysaren må vere minst 16 år og kan ikkje ha næringsinntekt frå føretaket eller vere ektemake/sambuar til ein som har næringsinntekt frå føretaket.