Næringstomter

Ørsta kommune har rike industritradisjonar og er handelssentrum på Søre Sunnmøre. Vi vil legge til rette for nyetablering i kommunen og kan tilby attraktive tomter for dei som vil etablere verksemd i Ørsta. Ta kontakt for nærare informasjon om moglegheitene vi kan tilby av industri- og næringsareal.

---

Melsgjerdet industriområde

Ørsta kommune har tomter i nytt industriområde på Melsgjerdet i Ørsta klare for sal.

SENTRALT

Området ligg veldig sentralt til i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, Eiksundsambandet og nært Ørsta/Volda lufthamn, Hovden. Tomtene ligg ca. 3,5 kilometer aust for Ørsta sentrum og E39.

Tilkomst til området er frå fylkesveg 655 og over Ørstaelva på bru.

PRIS

Pris for tomtene er kr 745 per m².
I tillegg kjem kostnader med tilknytning av vatn og avlaup, målebrevskostnader,
tinglysingskostnader for målebrev og tinglysing av skøyte.

TOMTENE

Tomtene er ferdig planerte. Infrastruktur som leidningar for
vatn, spillvatn og overvatn er ført fram til tomtene. Forsyningskapasiteten for elkraft er svært god i Ørsta på grunn av Hovdenakk transformatorstasjon. Denne stasjonen vil verte ytterlegare utbygd i løpet av 2023. Tekkerør for straum er lagt fram til tomtene. Straumforsyning blir tilpassa behovet. Asfaltert hovudveg med gatelys er bygd gjennom heile industriområdet slik at kjøpar kan bygge tilkomst rett inn på tomtene i industriområdet.

Feltet har eigne soner med tomter som er tilpassa for mindre verksemder. Ørsta kommune kan tilpasse storleiken på tomtene etter det behovet ditt firma har.

INTERESSERT?

Kontakt Ørsta kommune ved Arnstein Nupen:
E-post: arnstein.nupen@orsta.kommune.no
Telefon: 48 07 42 65


DRONEFILM AV OMRÅDET
 

 

 

BILDER

Sentralt og med flotte omgivelsar. Området sett frå sørvest, med VØR bygget i front. Thomas Winther Leira Området sett frå aust, mot sentrum. Thomas Wither Leira



KART 

 

REGULERINGSPLAN

 

Kontakt

Arnstein Nupen jurist
48074265
@ Arnstein Nupen
Ørsta Næringskontor Sigrun Heltne Vartdal - dagleg leiar
70068085
@ Ørsta Næringskontor