Ørsta kommunestyre har i si sak 22/24, den 14.03.23 vedteke ny kommunedelplan for klima-, energi og klimatilpassing 2023-2033. Planen erstattar då kommunedelplan for klima og energi frå 2010.
Planen peikar ut 6 hovudmål med tilhøyrande strategiar for å kommunen sitt arbeid innan både utsleppsreduksjonar, energibruk og tilpassing til eit venta endra klima.
Hovudmåla er:
- etablere miljøleiing og klimabudsjett,
- redusere klimafotavtrykket frå innkjøp vesentleg,
- redusere behov for fossil transport og ta veksten med miljøvennleg køyrtøy og tilrettelegging for sykkel og gange,
- bevare evna til opptak og skjerme karbonrike areal, berekraftig arealbruk,
- utnytte lokal fornybar energi, redusere energiforbruket i kommunale bygg med 15 %,
- redusere direkte klimagassutslepp med 60 % i høve 2009 og
- betre evne til å tole venta klimaendringar
Klimaplanen 2023–2033