I Ørsta kommune er Bondalselva og Norangsvassdraget varig verna mot kraftutbygging.
Ørstavassdraget har status som nasjonalt laksevassdrag NLV med Ørstafjorden som nasjonal laksefjord NLF.
Gjennom deltaking i Søre Sunnmøre vassområde bidreg både kommunen og lokale lag- og organisasjonar til utarbeiding av forvaltningsplan for vatn, som er ei oppfølging av EU sitt vassrammedirektiv. Målet er at alt vatn både sjø, brakkvatn, grunnvatn, elvar og innsjøar skal ha god økologisk og kjemisk tilstand.
Forvaltningsplanen med tiltaksprogram har vore på høyring og skal vedtakast av vassregionutvalet i Møre og Romsdal og stadfestast av Kongen i Statsråd i løpet av 2015. Planen gjeld for perioden 2016- 2021 og alle sektormynde er ansvarleg for gjennomføring av prioriterte tiltak innanfor sine ansvarsområde. For kommunen er det særleg områda avlaup, landbruksforureining og arealforvaltning som er sentrale. Det er under utgreiing eit interkommunalt samarbeid om spreidd avlaup for å styrkje dette saksområde. Dette som ein direkte oppfølging av forvaltningsplanen. Den største årsaka til at vassførekomstar lokalt ikkje når målet pr i dag er utbygging av vasskraft og elveførebyggingar.