All ære til dei frivillege og takk for innsatsen så langt

Gåvesjekkar på titusen kroner til Hovdebygda og Ørsta sanitetsforeining og Ørsta Røde kors - Omsorg. Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset  

I går heidra vi dei som stiller til frivilleg innsats og som har stått på og hjelpt oss med å gjennomføre koronavaksinasjon i Ørsta.

Ørsta Røde kors – Omsorg, Hovdebygda og Ørsta sanitetsforeining og ein gjeng med spreke pensjonistar vart satt pris på og vart feira med kake og kaffi på Ørsta kulturhus.

«Frivilligheita er steikje viktig» seier ordførar Stein Aam. Han held fram med at eit Noreg utan frivilligheit hadde rakna i alle saumar. Derfor er det òg veldig viktig å annonsere den fantastiske jobben som har blitt gjort. Det er mange som har medverka i dette og vi vil gje dei ei stor takk.

Alle kosa seg med kaffi og kake og Sanitetslaga i Ørsta og Hovdebygda, saman med Røde Kors omsorg fekk kvar sin gåvesjekk frå Ørsta kommune på titusen kroner. NRK Møre og Romsdal var òg tilstades på  denne overrekkinga. Og innslaget vart vist på distriktsnyheitene torsdags kveld.

I tillegg rettar Ørsta kommune ein stor takk til kommuneoverlege Marte Vaage Øie som har vore stødig og klar, og gjort ein kjempe innsats i ei krevjande tid.

Følg oss